Våre viktigaste saker

SETESDALSLISTA

Våre viktigaste kampsaker

«Saman for ei god framtid, med yrande liv i heile Setesdal»

Våre mål

  • Eit demokratisk og berekraftig samfunn som er godt rusta til å møte framtida
  • Eit yrande liv i Setesdal, med fleire innbyggarar og fleire besøkande

Kva vil vi jobbe for?

  • Eit lokaldemokrati med openheit, tillit og samarbeid
  • Sikre at ungdomsråd og eldreråd blir verdsett, høyrt og involvert
  • Jamnlege dialogmøter i alle våre grendelag
  • Informere om det som skjer i kommune og region
  • Eitt samla Setesdal til det beste for innbyggarane
  • Invitere kommunane i Setesdal til ein grundig og open prosess for samanslåing
  • Godt og trygt å bu i små og store grendelag
  • Oppretthalde oppvekstsentra og gode og nære helsetenester
  • Arbeide for ein god fysisk og digital infrastruktur i alle våre grendelag
  • Opne for bruk av alle verkemiddel for å hindre at hus og gardar forfell og veks att
  • Eit varmare og inkluderande samfunn
  • Sikre god tilgong på skulehelseteneste og sosiallærar
  • Velkomstpakke til alle nye innbyggarar, med tilbod om fadder
  • Sikre at busette flyktningar blir verande gjennom god og rask integrering
  • Rikt kulturliv og varierte fritidstilbod
  • Oppretthalde støtte til lag og foreininger
  • Utvikle ein kulturplan for vekst og utvikling
  • Stø opp om Frivilligsentralen og gode møteplassar
  • Eit framtidsretta og samkøyrd næringsliv
  • Ha eit felles system for næringsutvikling i Setesdal
  • Ha gode, fleksible og framtidsretta reguleringsplanar
  • Stø opp om lokalt landbruk, med fokus på kulturlandskap, lokalmat og nisjeprodukt
  • Stø opp om lokalt reiseliv, med fokus på samarbeid, marknadsføring og vekst
  • Ei aktiv, ansvarleg og langsiktig forvalting av naturressursane
  • Sørge for at alle inngrep i naturen blir utreda objektivt og forskingsbasert
  • Vere tydelege på berekraft i alle ledd
  • Aktivt arbeid for auka positiv aktivitet knytta til fjorden